Overordna problemstilling:
Utgreiing av mulegheitene for å etablere hydrogenproduksjon basert på småkraft i Hellesylt som i dag er eit område som har store utfordringar med «innestengt» kraftproduksjon.
Tettstaden Hellesylt har turistferge som trafikkerer til Geiranger i sommarsesongen. Det er vurdert areal for hydrogenproduksjonsanlegg ved kaiområdet i Hellesylt kor ferger, andre skip. bilar og bussar kan fylle. Foto: Svein Lunde, avisa Sunnmøringen
Det er gjort eit omfattande dokumentasjonsarbeid for å analysere mulegheitsrommet (m.a. teknisk, økonomisk) for etablering av hydrogenproduksjon basert på overskottskraft frå småkraftverk ved Hellesylt i Stranda kommune. Dette arbeidet viser at ei slik satsing er fullt ut mogleg. Fleire større aktørar kan tenkje seg å etablere eit selskap som skal stå for produksjon og distribusjon av hydrogen, men vil avvente skiping inntil aktuelle aktørar gir klare signal på at ein ønskjer å ta i bruk hydrogen som drivstoff for farty som driv transportverksemd på fjorden (ferjer, annan fjordtrafikk). Det er også opp til styresmaktene å gi sterke nok incitament til at aktørane torer å satse på nullutsleppsteknologi.
Rapporten har dokumentert at produksjon av hydrogen basert på overskottskraft frå lokale kraftverk i Sunnylven (Hellesylt og omegn) er fullt mogleg, både teknisk og økonomisk. Ambisjonen er vidare å løfte problemstillinga med å få aktuelle aktørar som driv fjordtrafikk på verdsarvfjorden til å gå over til nullutsleppsteknologi. Men dette krev styrking av dei offentlege tilskottsordningane og sterkare satsing på kobling mellom fornybart energisystem og grøn turisme.
Dei aller viktigaste føresetnadene for å etablere hydrogenforsyning til fjordtrafikken og annan trafikk (buss, bil, gods) i området er avklarte gjennom dette forprosjektet, og vert dette teknologiskiftet tilstrekkeleg stimulert, er det realistisk å få til ein overgang til utsleppsfri fjordtrafikk i verdsarvfjorden."