10Mar
Spinneriet/kommunehuset, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland @ 10. March

Hydrogen - grøn energi for framtida

Hjelmeland kommune meiner dette bør utnyttast til å skapa meir lokal næringsutvikling rundt hydrogen.

Då det blei klart at sambandet i Hjelmeland skal vera eit pilotprosjekt for meir miljøvenleg ferjedrift, sette Hjelmeland kommune i gang prosjektet «Hydrogen som energikjelde i Ryfylke» for å sjå på korleis hydrogenteknologi kunne nyttast også på andre måtar.

På dagskonferanse på kommunehuset/Spinneriet skal det vera foredrag frå ulike hald, mellom anna regjeringa, miljøorganisasjonar, transportbransjen og vegvesenet. Eric Lyche Rambech frå konsulentselskapet Endrava skal dessutan presentera rapporten frå Hjelmeland kommune sitt hydrogenprosjekt.

Samtidig med satsinga på hydrogendrivne ferjer, pågår det mykje arbeid med sikte på å bruka hydrogen som drivstoff i hurtigbåtar og andre fartøy innan maritim transport. Hydrogen gjer det muleg med nullutsleppsfartøy som har ei heilt anna rekkevidde enn elektrisk drivne fartøy.

Pris kr 400,-.
Påmelding til postmottak@hjelmeland.kommune.no

Medlemmer