Etter å ha fått i drift verdas første elektriske bilferje i 2015, tar Statens vegvesen no nye steg mot ein meir miljøvenleg ferjesektor.
- Som ein av dei første i verda utfordrar vi reiarlag, verft og teknologimiljø til å utvikle ei ferje som kan gå på hydrogen, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.
Prosjektet skal gjere nullutsleppsteknologi muleg for ferjestrekningar som ikkje er eigna for elektrisk drift åleine. Ei hydrogen-ferje vil ha større rekkevidde enn ei elektrisk ferje.
Foto: Helge Stikbakke/Statens vegvesen
Bygging av ferja vil skal skje frå våren 2019, og testing i 2020. Etter planen skal all relevant godkjenning komme på plass i løpet av denne prosessen slik at ferja kan starte i ordinær rutetrafikk på Hjelmeland-sambandet i 2021.
Kjelde: https://www.vegvesen.no/om+statens+vegvesen/presse/nyheter/nasjonalt/vil-utvikle-hydrogen-elektriske-ferje