Hydrogendrevet ferge i Geiranger - Hellesylt Hydrogen Hub

Eit Klimasats-prosjekt i regi av Stranda kommune for etablering av hydrogenproduksjon i Hellesylt ved Geirangerfjorden, kor det fins mykje innestengt kraft som kan brukast til hydrogenproduksjon på ferjene på Geirangerfjorden, tenderbåtar, bussar, leiebilar og logistikk. På lengre sikt kan også hydrogendrift på cruiseskip vere aktuelt.

Overordna problemstilling:
Utgreiing av mulegheitene for å etablere hydrogenproduksjon basert på småkraft i Hellesylt som i dag er eit område som har store utfordringar med «innestengt» kraftproduksjon.

(Foto: Svein Lunde - Arkiv)
Tettstaden Hellesylt har turistferge som trafikkerer til Geiranger i sommarsesongen. Det er vurdert areal for hydrogenproduksjonsanlegg ved kaiområdet i Hellesylt kor ferger, andre skip. bilar og bussar kan fylle. Foto: Svein Lunde, avisa Sunnmøringen

Det er gjort eit omfattande dokumentasjonsarbeid for å analysere mulegheitsrommet (m.a. teknisk, økonomisk) for etablering av hydrogenproduksjon basert på overskottskraft frå småkraftverk ved Hellesylt i Stranda kommune. Dette arbeidet viser at ei slik satsing er fullt ut mogleg. Fleire større aktørar kan tenkje seg å etablere eit selskap som skal stå for produksjon og distribusjon av hydrogen, men vil avvente skiping inntil aktuelle aktørar gir klare signal på at ein ønskjer å ta i bruk hydrogen som drivstoff for farty som driv transportverksemd på fjorden (ferjer, annan fjordtrafikk). Det er også opp til styresmaktene å gi sterke nok incitament til at aktørane torer å satse på nullutsleppsteknologi.

Rapporten har dokumentert at produksjon av hydrogen basert på overskottskraft frå lokale kraftverk i Sunnylven (Hellesylt og omegn) er fullt mogleg, både teknisk og økonomisk. Ambisjonen er vidare å løfte problemstillinga med å få aktuelle aktørar som driv fjordtrafikk på verdsarvfjorden til å gå over til nullutsleppsteknologi. Men dette krev styrking av dei offentlege tilskottsordningane og sterkare satsing på kobling mellom fornybart energisystem og grøn turisme.

Dei aller viktigaste føresetnadene for å etablere hydrogenforsyning til fjordtrafikken og annan trafikk (buss, bil, gods) i området er avklarte gjennom dette forprosjektet, og vert dette teknologiskiftet tilstrekkeleg stimulert, er det realistisk å få til ein overgang til utsleppsfri fjordtrafikk i verdsarvfjorden."

Last ned sluttrapporten frå forprosjektet her. 

Medlemmer