08feb
Geiranger / Ålesund @ 08. februar

Grøn Fjord konferansen i Geiranger (Ålesund) - 8. - 9. feb

Bli med på ein «Sporlaus ferdsel» inn verdsarvfjordane

– Noregs framtidige, «grøne fyrtårn»? 

«Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste natur- og kulturminneforvaltinga» (St.meld. 35, 2012-2013, og St.meld. 19, 2016-2017)

Vi skal utvikle verdsarvfjordane til «grøne» fyrtårn i norsk forvaltning. Kan vi snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og idylliske fjordsamfunn i vekst? Har vi gode nok verkty for å nå visjonen om «sporlaus ferdsel»? Er næringslivet klar for den grøne omstillinga?

Ein eigen hydrogensesjon er plangalgt som del av konferansen, med presentasjoner som berører nullutslepps skipsfart, lastebilar, fergedrift, cruiseskip, m.m., og med lokal hydrogenproduksjon frå småkraftverk (med Hellesylt Hydrogen Hub som case).

- Vi er budd på å gi deg statusen for Grøn fjord arbeidet, bli med å bidra til vårt grøne skifte!

 
 

8.- 9.februar 2018

Vi startar konferansen og reisa i vakre Ålesund og seglar inn den majestetiske Geirangerfjorden med MS Vision of the fjords og sjekkar inn på den heilårsope hjørnesteinsbedrifta Hotel Union Geiranger

 

 Detaljert program og reise- og opphaldsdetaljar vil bli oppdatert rett over nyttår.

 

Medlemmer